Menneske og natur i Bakketunet

Dette er planen når Bakketunet opnar

Bakketunet sommeren 2019. Tema: Mennesket og naturen.   Foto: Pressebilde

Kultur

Når Bakketunet opnar sin 10. sesong søndag 30. juni er det med «Menneske og natur» som den store overskrifta. Eitt av spørsmåla som blir stilt er kva ein kan lære av fortida. I Hjørundfjorden har folk levd og arbeidd i naturen i hundrevis av år, og skapt eit livsgrunnlag for seg og framtidige generasjonar.

Dei seks bygningane som utgjer Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun er etter mange år ferdig restaurert og tatt i bruk. Hit kjem kunstnaren Simon Wågsholm frå Ålesund, som skal stille ut i kufjøset, t der publikum får sjå måleri som skildrar menneske i store og små hendingar.

Fotograf og klesdesignar Ole A. Ekker frå Trondheim stiller ut fotografi av vill og vakker natur frå Hjørundfjorden. Ekker viser også fotografi frå spora etter Tsjernobyl-ulykka i 1986.

Årets kammersutstillar er Marianne Mørck som viser moteklede i skinn frå dyr i den Nordiske fauna, som reinsdyr og laks. Ho koplar seg til urgamle tradisjonar i materialbruk og handverk.

Thomas Bruvik frå Bergen kjem med ein videoinstallasjon, der ein kan reflektere over det å oppleve natur gjennom teknologi.

Keramikar Dag Bratsbergeng frå Notodden lagar figurar til å undre seg over. Er dei menneske, dyr, fugl eller fisk, og kva personlegdom har dei?