Fyller butikklokale med maleri og poesi

Stiller ut i Snippa: Kunst av Marit Lillestøl.  Foto: Pressebilde

Kultur

Å fylle tomme butikklokale med måleri er eit prosjekt Marit Lillestøl har hatt i mange år. Denne gongen blir utstillinga på Snippa i Volda, der Jarn og Farge tidlegare heldt til. No skal 40 måleri inn i lokalet.

Her samarbeider ho også med nynorskskribenten Oddvar Etnestad frå Førde, som skriv dikt både med underfundig humor og alvorleg undertone. På opninga vil han lese nokre av dikta sine, og publikum vil og finne dikt plassert rundt omkring i utstillingslokalet.

Lillestøl, som kjem frå Volda og er busett i Ålesund, har utdanning frå Ålesund kunstfagskole, og har hatt mange separatutstillingar og utsmykkingsoppdrag. I tillegg jobbar ho som lærar på Upa-skulen på Ålesund sjukehus.

På Snippa viser Lillestøl måleri med tydelege motiv frå fjell, fjord og kystlandskap, men også måleri som byr på undring. Andre er laga i filmstripeversjon.

Utstillinga opnar 15. juni.