Her er verdsstjerna på Slettedalshjørnet

Kan det vere Scarlett Johansson.... FOTO: RUNE SÆBØNES 

Kultur

(Møre-Nytt) Spekulasjonane har gått. Kan det vere Scarlett Johansson, stjerna i Marvel-filmane, som er på Sæbø.

Det er det. I middagstida var ho på Slettedalshjørnet, på veg inn i Joker-butikken for å filme.

Då hadde ho før på dag vore om bord i ferja Goma, og filma der. Då filmfolka gjekk på land, vart Johansson godt løynd av paraplyar, før ho gjekk inn i Mercedesen som frakta henne til hotellet.

Etter ein rast på hotellet, kom ho tilbake til Sæbø sentrum for å starte opptaka inne i Joker-butikken.

Det var eit stort oppbod med filmfolk, statistar, vakter, pressefolk og publikum elles som ville sjå på innspelinga, som etter alt å døme er Black Widow i Marvel-serien.


Filmkaos i Sæbø

Da filmtrailerne til Pinewood Studios rullet inn i den vestlandske bygda Sæbø, trakk flere medier en tidlig konklusjon.

Kjørte VIP-bil til Sæbø – er dette Scarlett Johansson?

En kjent skuespiller skal ha landet på Vigra i ettermiddag. Vedkommende ble sendt inn bakveien på Sagafjord Hotel.

Her er beviset: Det er ein Marvel-film

Jau, det er ein Marvel-film som skal ha innspeling på Sæbø onsdag. Marvel-entusiast Dave King har funne beviset.


Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.