Kulturhuset Arbeideren forfell, kan bli stengt

Det er omfattande slitasje og skadar i det historiske kulturhuset. Om bygget ikkje vert renovert kan det føre til stengte dører.

Kulturhuset Arbeideren i Ålesund forfell. Kulturhusleiar Hans Pareliussen (t.v.) og kultursjef Oskar Skulstad håpar det ikoniske bygget får ei omfattande renovering.   Foto: Staale Wattø

Kultur

– Arbeideren er eit ikonisk bygg som betyr mykje for innbyggjarane. Det har vore ein viktig samlingsplass, seier kultursjef i Ålesund, Oskar Skulstad.