Armchair Oracles skal ha sleppekonsert i Brattvåg

8. juni blir det powerpop i Kulturstova på ID-huset i Brattvåg.

Armchair Oracle har base og eige studio på Hellestranda i Haram. Musikarane er Atle Skogrand (vokal/gitar) frå Trondheim, Jan Ove Engeset (bass) og Bjørn Gamlem (gitar) frå Grytastranda og Charlie Wise (slagverk) frå England.   Foto: Marianne Brandal Kristiansen

Kultur

Her skal Armchair Oracles halde releasekonsert med låtar frå si tredje plate «Caught By Light», som blei sleppt digitalt 12. april i år.

Plata har fått fine meldingar, blant anna i Adresseavisen. Som omtaler bandet som "et meget trivelig og talentfullt bekjentskap". Og Skogrand som "et låtskrivertalent med både eleganse, teft og fingerspissfølelse".

Bandet har nettopp kommen tilbake frå festivalspilling i England, og er nå klare både for ID-huset og konsert på festivalen Sommer i Vestnes 7. juni.

Armchair Orachle omtaler seg som et klassisk gitarband, som spelar powerpop og melodiøs poprock i gata Beatles og liknande band fram til 90-talet.

Bandet fekk ein flying start i 2008 då de blei invitert til festivalar i England og USA. Musikken frå debutalbumet «Change Your Skin.. Wash Your Heart» fant ifølge bandet vegen til radiostasjonar i New York, Los Angeles og Rio. I 2016 kom oppfølgaralbumet «In Machina»

Bandet består av Atle Skogrand (vokal/gitar) frå Trondheim, Jan Ove Engeset (bass) og Bjørn Gamlem (gitar) frå Grytastranda og Charlie Wise (slagverk) frå England. De har base og eige studio i bygda Hellestranda i Haram kommune.