Han blir konstituert direktør for musea på Sunnmøre

BLIR DIREKTØR: Sanden har lang erfaring frå museumssektoren, og var direktør ved Romsdalsmuseet frå 1994 til 2018.   Foto: Romsdalsmuseet

Kultur

Det nye regionsmuseet, Musea på Sunnmøre, har konstituert Jarle Sanden som administrerande direktør frå 1. september 2019.

Det går fram av ei pressemelding frå Sunnmøre Museum.

Sanden har den siste tida vore engasjert som rådgjevar for kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sanden får no oppgåva med å leie det nydanna museet på Sunnmøre gjennom ein konsoliderande fase hausten 2019.

Musea på Sunnmøre blir etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.

Det nye regionmuseet har som ambisjon å skape auka utviklingskraft for kunst- og kulturhistoria i regionen.