Svensk songar klar for Sommartreff

Songaren Maria Gustin Bergstrøm held konsert under ImF sitt sommartreff i Fosnavåg.

Sommartreff: Songaren Maria Gustin Bergstrøm frå Sverige deltek på Sommartreff i Fosnavåg  Foto: Pressefoto

Kultur

ImF Sunnmøre (tidlegare Sunnmøre Indremisjon) arrangerer Sommartreff i Fosnavåg 15. til 16. juni.

Årets hovudtalar er Rolf Kjøde. Han er oppvaksen i Spjelkavik og har tidlegare blant anna vore generalsekretær i Normisjon. Han er ein aktiv skribent, er engasjert i samfunnsdebatten og ein aktuell forkynnar, heiter det i pressemeldinga frå ImF Sunnmøre.

På dei ulike samlingane vil svenske Maria Gustin Bergstrøm synge. Ho skal også ha ein eigen konsert laurdag kveld, der også Anna Regine Vada Blom deltek på saksofon.

Maria Gustin Bergstrøm vert kalla «den nye Lina Sandell» og har skrive mange songar og salmar. Den mest kjente er kanskje «Din är äran», ifølgje ImF Sunnmøre.

På programmet står også årsmøte laurdag og storsamling søndag.