Kurs i tresnitt i Khåk

Lærte å lage tresnitt slik Edvard Munch gjorde.

KURS: Her får dei lære å lage tresnitt, slik Edvard Munch gjorde det. 

Kultur

– Har du lyst å lære deg å lage tresnitt, slik som Edvard Munch gjorde? spør Karin Augusta Nogva. Karin hald tresnittkurs i KHÅK Kunsthall denne veka.

Karin Augusta Nogva er utdanna grafikar med Master i kunst. Ho utdanna seg ved Kunsthøgskolen i Bergen og Edinburgh College of Art. Ho arbeidar i dag som bildekunstnar og held kurs i grafikk ved t.d. Ålesund Kunstfagskole.

-Tresnittkurset har hatt stor suksess så langt, fortel ho. Kurset gjekk over to kveldar, og blei avslutta torsdag kveld. Omtrent elleve personar deltok.

På kurset kunne ein lære å lage sitt eige tresnitt, frå utforming av motiv, til utskjering i trykkplata, innfarging og trykkeprosess, til ferdig resultat.

Karin er også styreleiar i Norske Grafikere, som feirar 100-årsjubileum i år. Utstillinga deira heiter Avtrykk, som heng i lokala deira no.