Hiphop-band frå Hareid vann Musikkprisen

Hareid-bandet Kontrollert Kaos vann Musikkprisen 2019. No skal dei bruke studiotida dei har vunne på å lage album.

Vinnar: Hareid-bandet Kontrollert Kaos gjekk sigrande ut av Musikkprisen 2019.  Foto: Morten Hjertø

Kultur

– Eg er faktisk veldig overraska. Eg trudde Ufokusert skulle vinne, seier Roy-André Øvrelid/ZigZag-Zvor til Sunnmørsposten etter at bandet Kontrollert Kaos har vunne Musikkprisen med låten «Kvar Vår Vei».