Fleire følgjer etter:

Sommerfesten blir kuppa på søppelbilletten

Sommerfesten på Giske lanserte «Spleis med plast». No følgjer andre etter.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kultur

Sommerfesten på Giske melde denne veka at festivaldeltakarane kan betale med søppel dei har plukka i naturen for å sleppe inn på festivalen. No har andre latt seg inspirere.

Førstkommande laurdag skal Jølstraholmen Camping og Hytter i Jølster i Sogn og Fjordane halde barnekonsert med Good Time Charlie.

– For ein fantastisk idé. Vi lar oss inspirere og kopiere. Betal inngangsbilletten med ein pose plast/søppel som ein plukkar i nærområdet og få ein billett til barnekonserten på laurdag, skriv dei på Facebook, saman med deling av Momentium si pressemelding om idéen.

Sommerfesten på Giske blir dermed ikkje den første til å gjennomføre sin eigen idé, då Jølstraholmen sin konsert skjer ei veke før festivalen.