NM i skolekorps janitsjar:

Pallplassering for Vestnes og Daugstad/Vike skulekorps

Vestnes skulekorps og Daugstad/Vike skulekorps, som no samarbeider permanent, sikra seg 2.- plass i 2. divisjon under skulekorps-NM i Larvik 22. juni.

2. plass Vestnes og Daugstad/Vike i Bølgen kulturhus under skulekorps-NM, her saman med dirigent Stijn Berbé.  Foto: Geir Stokkeland

Kultur

Dette er femte året Vestnes er med i skulekorps-NM. Fyrste året dei var med, i 2014, stakk dei av med sigeren i 4. divisjon i Trondheim. Sidan då har skulekorpset gått igjennom ei nivåheving. Korpset kom på 2.-plass i 3. divisjon i 2015, ein 8.-plass i 2. divisjon i 2017 og ein 5.-plass i same divisjon under Landsfestivalen i Bergen i fjor.