Sjå stor bildeserie frå Herøyspelet:

«Hustrig og vakkert Herøyspel»

Ståande ovasjonar er på sin plass når heile Herøy går mann av huse for å invitere til spel. På tross av eit hustrig vêr, var publikum svært nøgd etter årets premiere på det tradisjonsrike spelet. I år hadde spelet ny regissør og nye namn i dei fleste rollane.
Kultur

– Med fornyingane vart spelet meir levande. Det fekk meir humor og meir kjærleik, meinte manusforfattar Rolf Losnegård etter premieren laurdag. Med svigerson Jeff Pedersen som regissør, har Losnegård vore tett innblanda i endringar i spelet. Og resultatet vart bra.