På garden kan ein ta del i den kulturhistoriske omvisinga. I tillegg har dei sommarutstilling med kunst, kunsthandverk og kortreist mat frå elleve lokale utøvarar og produsentar.
I løpet av sommaren arrangerer dei tre kultursøndagar med to forteljeframsyningar og ein bakstedag.
Det er også ope for familiar å låne utstyr som kan brukast til tradisjonell barneleik. Ein kan mellom anna gå på stylter, kaste kubb og hestesko. Man kan også prøve seg på å karde ull, spinne på handtein og meir.
Meir informasjon kan du finne på museets facebookside og heimesida til Sunnmøre Museum. Dei held sommarope kvar onsdag, torsdag, fredag og søndag fram til 18. August.