Musikk på kaia:

Stuntkonsert i Sykkylven

Mange møtte opp då bandet Skabelon inviterte til konsert på Kaitrappa mandag kveld.

Folksomt: Fleire og fleire trakk til Kaitrappa i Sykkylven då konserten var i gang.  Foto: Nils Harald Ånstad

Kultur

Kort varsel var ingen stoppar for folket i Sykkylven, og mange tok turen til kaia for ein konsert i solnedgangen.

  Foto: Nils Harald Ånstad

Berre ein dag før blei konserten annonsert av bandet sjølv på Facebook, men mange fekk med seg at noko gjekk for seg på Kaitrappa.

  Foto: Nils Harald Ånstad

Rockebandet Skabelon er sjølv frå Sykkylven, og covrar rock frå 60-talet og framover.