Vil lage aktivitetskonsept i Langevåg

Konseptet skal vere ein miks av «Escape room» og «Dark ride», men det er også ønske om å bruke delar av bygget til selskapslokale.

Aktivitetskonsept: Her vil Trollbinding AS lage eit heilt nytt aktivitetskonsept, med inspirasjon frå konsepta «Escape room» og «Dark ride».  Foto: Eirik Meling

Kultur

Trollbinding AS har søkt Sula kommune om å få bruke delar av Sloghaugvegen 21 i Langevåg for å huse eit nytt aktivitetskonsept. Dei søker om å bruke første og andre etasje av bygget, med resepsjon og selskapslokale i andre etasje og aktivitetskonseptet i første.

Går alt etter planen, ønsker Trollbinding AS å opne aktivitetskonseptet i løpet av hausten.

Nytt konsept

Ifølge søknaden har dei henta inspirasjon frå både «Escape room», eit konsept der deltakarane vert låst inne i ein time og må løyse logiske oppgåver for å komme seg ut, og frå «Dark ride», ein aktivitet i fornøyelsesparkar der ein sit i vogner og vert ført gjennom ei løype med forskjellige skumle effektar.

«Slik vi har tenkt vår attraksjon/aktivitet vil den kunne tilføre noko heilt nytt i opplevings- og reiselivsmarknaden», heiter det i søknaden.

Trollbinding AS skal ha hatt god dialog med eigar av bygget så langt, og ønsker ein leigeavtale på fire år. Skår Bygg AS er hovudentreprenør i bygginga, og i søknaden til kommunen skriv Trollbinding AS at ein brannteknisk konsulent vil vurdere alt av planar og teikningar.


Escape Room-trenden til Ålesund:

Klarer du å rømme herfra? Ta gjerne med en venn

Tenk deg at du og noen venner er innelåst på et rom. Løsningen for å komme seg ut ligger i rommet, men hvor? Kjenner du panikken brer seg, eller er du den som tenker klart og søker målrettet etter spor som kan få dere ut?