Hurtigbåt til Arthurspelet

Til helga går startskotet for det 14. Kong Arthurspelet i Sande. Og i år går det hurtigbåt frå Ålesund til spelstaden og tilbake.

BRA SPELEVÆR: Sist Kong Arthurspelet blei sett opp var i 2017. Då var været så bra at dei tok inn underskotet frå 2016. Neste år blir det jubileumsfeiring.   Foto: Pressefoto

Kultur

– Dette er nytt av året, der vi samarbeider med Cruise Service. Og vi har stor tru på dette tilbodet vil gjere det enklare for dei som kjem langvegsfrå. Båten har plass til 200 passasjerar, og kostar 200 kroner kvar veg, 100 for barn, fortel spelsekretær Ingunn Notøy.