Havkonsert på Fjord Cadenza

Nordnorsk superstjerne deltar.

Frå ei øving med festivalorkesteret under Fjord Cadenza.  Foto: Fjord Cadenza / Frank Herman Wik

Marianne Beate Kielland.  Foto: Fjord Cadenza / Frank Herman Wik

Kultur

Dei som tek turen til Parken Kulturhus torsdag kveld kan sjå fram til ei unik og spennande kulturoppleving, ifølgje Hallgeir Øvrebust i Fjord Cadenza.

– Dette må reknast som eit av dei musikalske høgdepunkta på årets festival, når Marianne Beate Kielland, ein av dei fremste mezzosopranane i Europa, vert solist saman med orkesteret. I festivalorkesteret er det heile fire konsertmeistrar og musikarar frå ei rekke leiande symfoniorkester i ti land, opplyser Øvrebust.

Konserten har «Hav» som tema, og Flint Juventino Beppe har urframføring av sitt nye verk «Operientes Mare». Den norskfødde komponisten har to Grammy-nominasjonar.

– Marianne Beate Kielland er ei nordnorsk superstjerne som gjennom karrieren har markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Ho er etablert som ein av Europas fremste songarar i dag, og opptrer jamt på konsertscenene i Europa, i Østen og Amerika.

Fjord Cadenza har i år eit 20-tals konsertar gjennom heile veka. Fredag er det høve til å delta på fjordcruise frå Ålesund til Geiranger, og konsert inne i olivingruva i Norddal, og også på kaia i Geiranger.