Trebaatfestivalen:

Folkefest i Ulsteinvik

Det er folkefest i Ulsteinvik. Årets utgåve av Trebaatfestivalen starta torsdag og blir avslutta søndag.

Flyboard: Mange barn fekk med seg flyboard-showet ved Sjøsida i Ulsteinvik.  Foto: Gunnar Wiik

Kultur

Fredag ettermiddag fekk barn frå barnehagane i Ulstein oppleve eit spennande flyboard-show på Sjøsida i Ulsteinvik, før dei fekk gratis iskrem. Linnea Pilskog og Anna Oline M. Taklo frå Leikong i Herøy er for lengst ferdige med barnehagen, men takka ikkje nei då også dei blei bydd på godsakene.