Biblioteksjef sluttar i protest

Lisa Alvestad ved Haram folkebibliotek kallar prosessen rundt samanslåinga av bibliotek i nye Ålesund kommune ein skinnprosess, og seier dei andre biblioteka blir overkøyrt av Ålesund.

Har sagt opp: Biblioteksjef Lisa Alvestad ved Haram folkebibliotek har sagt opp jobben i protest. Ho seier biblioteka på distriktet blir overkøyrt av Ålesund i prosessen rundt samanslåing av bibliotek i den nye storkommunen.   Foto: Line Helgesen

Kultur

Lisa Alvestad (32), biblioteksjef ved Haram folkebibliotek, har sagt opp jobben sin. Det gjorde ho i juni. 20. september er siste arbeidsdagen hennar.