Ny utstilling på kunsthuset

Grafikaren Kjell Bendiksen opnar haustsesongen i Volda og Ørsta Kunstlag.

Kunsthus: Volda og Ørsta kunstlag opnar haustsesongen førstkomande laurdag.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kultur

Laurdag 7. september opnar Volda og Ørsta Kunstlag haustsesongen med ny utstilling.

Under tittelen «Glenne» fyller grafikaren Kjell Bendiksen første etasje på Kunsthuset med eit rikt utval originalgrafikk, melder kunstlaget i ei pressemelding.

Bendiksen kjem frå Bergen, men er i dag busett på Lillehammer. Han er rekna som ein av våre fremste nolevande grafikarar. Motiva hans er rike på symbolske element.

Han meistrar dei fleste grafiske teknikkar, men det er særleg innan ulike djuptrykkteknikkar han har utvikla sitt eige biletuttrykk. Teknikken han brukar er svært arbeids- og tidkrevjande, og opplaga er små.

Bendiksen er utdanna ved Statens Håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi. Han har hatt ei rekke utstillingar i inn og utland og har representert Noreg ved fleire internasjonale grafikk biennalar og triennalar.

Utstillinga på Kunsthuset består stort sett av nyare grafikk.

På utstillingsopninga får publikum møte kunstnaren. Elles blir det musikk ved Rakel Marie Sundnes Bruheim. Ho er elev ved kulturskulen i Volda og spelar saksofon.