Bildeserie:

Vil engasjere born med «Hans og Grete»

Med eventyroperaen «Hans og Grete» håpar operasjef Kari Standal Pavelich å få fleire unge til operasalen. Det vanka lovord og jubel etter premieren onsdag kveld.
Kultur

– Noko av det vanskeligaste eg har dirigert. Det var krevjande også fordi vi hadde to store grupper med born på scena. Men alle løyste oppgåvene fantastisk bra. No skal vi bli betre og betre utover i veka, lova musikals leiar Michael Pavelich etter å ha motteke jubelen frå premierepublikum. Årets hovudproduksjon er nummer 22 i rekka for Opera Nordfjord. I år er det også ti år sidan operaen tok i bruk Operahuset etter å ha halde til på Fjordane Folkehøgskule første åra.