Beate Slettevoll Lech er framleis med i Stjernekamp: 

Vurderer å ta ein Warholm før hardrocken

– Har du sett korleis han girar seg opp før han spring? Sånn spørst det om ikkje eg og må gjere på laurdag.

Stjernekamp-deltakar: Beate Slettevoll Lech er mellom dei fem deltakarane som framleis er med i Stjernekamp på NRK.  Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Kultur

Det seier Beate Slettevoll Lech. Etter seks rundar av årets utgåve av Stjernekamp er 45-åringen framleis med – som einaste kvinne, saman med fire karar. På laurdag ventar hardrock, men også salmar.