The Hives er headliner på Malakoff

Svenske punk-veteranar speler på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid.

Malakoff: The Hives-vokalist Pelle Almqvist under 2013-konserten på Malakoff Rockefestival.   Foto: Marius Rosbach

Kultur

Det skriv festivalen i ei pressemelding tysdag. Bandet er «ein garantist for ekstatiske konsertar», skriv dei i pressemeldinga.

Bandet spelte også på Malakoff i 2013, og blei då karakterisert som høgdepunktet på festivalen.

Også det britiske bandet Nothing but thieves kjem til festivalen.

Dei unge rockarane frå UK har reist verda rundt med m.a. Muse og Biffy Clyro, toppa hitlistene verda over og spelar sin fyrste festivalkonsert i Noreg under Malakoff20, skriv festivalleiinga.

Dette er Malakoff-sjefen sitt høgdepunkt

Nytt rekordbesøk for rockefestivalen på Nordfjordeid.