Fekk fylkeskulturprisen:

– Det var ei som felte tårer, då ja

Kunstnar Karin Augusta Nogva er tildelt fylkeskulturprisen 2019. Og det beste av alt: dette er berre ein av mange bra ting som skjer rundt kunstnaren i desse dagar.

Overraska og glad for pris: Karin Augusta Nogva.  Foto: Staale Wattø.

Kultur

– Eg er glad for bli sett, for at den jobben eg har gjort over mange år, ikkje berre for meg sjølv, men for kunst og kunstnarar, blir anerkjent. All tida eg har brukt på fellesskapet, med trua på at vi kan få til noko saman, blei verdt det då eg fekk telefon om at eg hadde vunne prisen måndag ettermiddag, fortel Karin Augusta Nogva.