Får 125.000 kroner til lapskaus som skal samle storkommunen

Godt over 100 kulturutøvarar frå dei fem kommunane i nye Ålesund går nå saman om ein «Himmelsk lapskaus» av ei førestilling som skal bidra til å skape samarbeidsånd og felles identitet både for deltakarar og publikum i den nye storkommunen.

LOKAL KULTUR: Ungdomslaget Fram på Longva blir ein av bidragsytarane når kulturutøvarar frå dei fem kommunene i nye Ålesund går saman om ei felles førestilling i mars neste år. Her frå ungdomsgruppa si oppsetjing av musikalen «Aladdin».   Foto: Marius Simensen

Kultur

– Førestillingane skal vi spele i alle dei fem kommunane i løpet av mars/april neste år, deriblant på Gomerhuset i Skodje, ID-huset i Brattvåg og Parken kulturhus i Ålesund, fortel ålesundaren Astrid Overaa.