Kyrkjedag:

Ekteparet fekk tildelt frivilligprisen av Nordfjord prostiråd

Laura Marie og Magnus Fure frå Selje fekk frivilligprisen 2019 frå Nordfjord prostiråd.  Foto: Privat

Kultur

Laurdag arrangerte Nordfjord prostiråd Kyrkjedag for Nordfjord saman med Bjørgvin bispedøme. I samband med dette skulle frivilligprisen for 2019 delast ut.

Prisen, som blei delt ut av prost Rolf Schanke Eikum og prostirådsleiar Kristen Hundeide, gjekk i år til ekteparet Laura Marie og Magnus Fure frå Selje, mellom anna for deira snart 25 år lange arbeid med Kyrkjebladet.

I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna: «Begge har vore redaktørar og ansvarleg for Kyrkjebladet i snart 25 år! I praksis har dei denne tida skaffa stoff og bilete, organisert trykkinga, hente bladet, telt opp blada, lagt inn giro og fått frivillige til å dele ut bladet i postkassene i kommunen. Sjølv har dei også ei lang rode. Siste nummeret dei har ansvaret for, nr. 4/2019, blir distribuert i desse dagar. På denne måten har dei vore med å få evangeliet og kyrkjeinformasjon ut i dei einskilde heimane og styrka kontakten mellom kyrkje og folk. Begge har passert 80 år, glade både i bedehuset og kyrkja, trufast med i gudstenestelivet og blitt av presten kalla «det faste inventaret» der».

Under samlinga fekk avtroppande prost Rolf Schanke Eikum også blomster frå biskop Halvor Nordhaug.