Premiere:

Hjartevarmt Vaffelhjarte

Etter å ha sett Riksteatret si tolkning av Maria Parrs Vaffelhjarte sit du igjen med den same, varme, kjensla i magen som du fekk av å lese boka.
Kultur

Maria Parr har blitt kalla vår tids Astrid Lindgren og norsk barnelitteratur si store superstjerne. Ikkje så rart, med tanke på at bøkene hennar har vunne ei rekke prisar og er seld og oversett til mange land. Debutboka, Vaffelhjarte, som kom i 2005, blei Parr nominert til Brageprisen for, og den vann Nynorsk barnelitteraturpris. Forventningane ligg med andre ord høgt når ei bok som Vaffelhjarte blir til teater.