Kunstnaren Marius Konrad Vartdal opplever puberteten som 33-åring

Veldige krefter

– Korleis det er å gjennomgå puberteten i ein slik alder er det knapt mogleg å førestille seg. Det er veldige krefter.

TØFF PROSESS: Fredag opna Marius Konrad Vartdal utstillinga Vekst i galleri Nittennullni på Valderøy. Dei 33 bileta er sterkt knytt til den heilt spesielle pubertetsprosessen 33-åringen frå Ørsta har vore gjennom. Utstillinga er open tre helgar framover.   Foto: Marius Simensen

Kultur

– Fordelen med den alderen eg har er at eg kan reflektere over alt det som skjer som eit vakse menneske. Det er spennande, eg ser det på ein måte som et eksperiment. Eg prøvar å ha ein distanse til det. Det er det denne utstillinga er eit resultat av, seier kunstnaren Marius Konrad Vartdal frå Ørsta.