< Desse fekk kulturpris i Sykkylven - smp.no/kultur – Kulturnyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Desse fekk kulturpris i Sykkylven

Musikkgruppa Saft Suse og fotballaget Dream Team Sykkylven er årets kulturprisvinnarar.
Kultur

Prisane vart delt ut på kommunestyremøtet i Sykkylven denne veka.

I grunngjevinga si legg juryen vekt på at musikkgruppa Saft Suse har hatt ein jamn og god aktivitet sidan starten i 1989. Dei har delteke på konsertar rundt om i landet, gjort ein god innsats og vore fantastiske ambassadørar for Sykkylven.

Det er svært godt samhald i gruppa og alle støttar kvarandre, legg juryen til.

På turneringar

Om den andre prisvinnaren; Dream Team Sykkylven, seier juryen dette:

Dei har hatt ein jamn og god aktivitet sidan starten i 2011. Dei har delteke på mange turneringar rundt om i landet, gjort ein god innsats og vore fantastiske ambassadørar for Sykkylven. Det er svært godt samarbeid i laget og alle støttar og heier fram kvarandre.

Dream Team Sykkylven har vore ein viktig arena for personar med ulike utfordringar. Tilbodet vart starta opp av FK Sykkylven, og Volker Rust har vore trenar frå starten av. I år er det 12–15 personar på laget.

I fjor var dei med på turneringar i Sykkylven, Ulsteinvik, Ålesund, Molde og Kristiansund. Kvart år er dei også med på ei landsturnering. I år finn denne stad i Kristiansand.

Mange konsertar

Musikkgruppa Saft Suse feira 30 år i fjor haust. Initiativtakar var Tone Fedt. No øver gruppa kvar onsdag med Åge Frøystad som dirigent – og har delteke på mange ulike arrangement og konsertar opp igjennom åra, slik som gudstenester, Sykkylvsdagane, stemner og ulike lokale arrangement.

Dei er ei gruppe som er eineståande på å spreie glede. Ingen strålar frå scena slik som dei når dei opptrer, seier juryen for kulturprisen.

Saft Suse og Dream Team fekk ein sjekk kvar på 15.000 kroner – og kvart sitt diplom som minne om kulturprisen.