Ålesund-forfattar aktuell med ny roman

Flykta frå det Chile som Kaldhol skriv om

I innleiinga til «Ta først på deg di eiga maske» takkar Marit O. Kaldhol chilenske venner for å ha vist ho tillit og vore til god hjelp med boka. Manuel Fernando Navarro er ein av dei.

Bokaktuell: Marit O. Kaldhol er ute med ny roman. Mellom dei som har hjulpe ho med boka er Manuel Fernando Navarro. 64-åringen, som i dag bur i Sykkylven, flykta i si tid frå Chile.   Foto: Marius Simensen

Kultur

– Eg las om han i avisa, og tok kontakt med han. Det er vel to år sidan no. Då var eg allereie godt i gang med romanen.