Godt Vern-prisen til Vonheims venner

Får prisen for arbeidet med å rehabilitere og ta vare på Rasofielgarden Vonheim på Hareid.

Hareid: Rasofielgarden Vonheim vart bygd i 1881.   Foto: Privat

Tok mot prisen: Johannes Klungsøyr og Aud Grimstad.  Foto: Privat

Kultur

Laurdag 7. mars vart Godt Vern-prisen 2020 tildelt. Prisen gjekk i år til Vonheims venner for arbeidet med å rehabilitere og ta vare på Rasofielgarden Vonheim på Hareid, bygd i 1881, går det fram av ei melding.

Juryen grunngjev mellom anna tildelinga med at Vonheims venner har gjennomført «ei grundig og godt utført istandsetting av huset, og arbeidet er gjort med interesse og kunnskap om ei god restaurering».

Det er «Stiftinga Rasofielgarden» driv staden, medan Vonheims venner er støtteforeining og tek seg av det tekniske vedlikehaldet. Vonheims venner starta i 2002 og har ifølgje meldinga lagt ned mange tusen dugnadstimar både ute og inne, for å reparere huset og byggje opp uteområdet, slik at huset kan brukast til kulturtilskipingar.

Drivkreftene i arbeidet med dugnad og pengeinnsamling har vore Johannes Klungsøyr og Aud Grimstad, og det var desse som møtte fram for å ta imot prisen.

Godt Vern-prisen blir delt ut av Sunnmørsposten og Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag i fellesskap.