Tito Magic og Miss Aurora på Scena fredag klokka 13:

– Det finst ingen skilnad på forholdet vårt på scena og forholdet vårt i heimen

Dei er like som to dråpar vatn. Saman skapar dei ein magisk kombinasjon av illusjonar og show, til stor glede for både små og store.

Scena: Tito Magic og Miss Aurora

Kultur

Ålesundaren Kenneth Remme, for nokre betre kjent som Tito Magic, lev av å få folk til å kjenne på kjensler ein elles ikkje ville ha kjent på.

– I mine auge er ein illusjonist og ein magikar det same. Som magikar skapar du ein illusjon. Vi snakkar mykje om det i showet vårt og med barn. Magi er kjensler, og magi finn fram desse kjenslene som ein ikkje har heile tida. Slik skapar ein magi, fortel Kenneth.

Det heile starta i sirkusmanesjen til Cirkus Arnardo då han var sju år gamal. Far til Kenneth var brannmeister og leverte alltid vatn til sirkusa, blant anna til elefantar. Denne gongen sat Kenneth aleine med Arnardo i manesjen, og fekk sjå han trylle.

– Eg kjende på glede og forundring. Det er derfor eg vil gi dette til folk sjølv no. Å sjå barn som smiler frå øyre til øyre, og vaksne som står og klør seg i hovudet, er så kjekt.

Sjå fleire konsertar frå Scena her:


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


Til semifinalen to gongar

Dottera Aurora Jørgensen Kenneth, som går under artistnamnet Miss Aurora, brukar også å vere med på scena. Det fekk det norske folk sjå på tv-skjermen då dei saman deltok på 2018-utgåva av Norske Talenter. Dei kom seg heilt til semifinalen.

– Vi er kjend for å ikkje vere heilt A4, og vi har heilt lik humor. Eg er meg sjølv, det trur eg smittar over på ho. Ho torer å vere seg sjølv, bryr seg ikkje om kritikk, fortel Kenneth stolt.

NORSKE TALENTER: Kenneth og Aurora har vore med på Norske talenter saman, og kom heilt til semifinalen begge gongane.  Foto: Privat

På far og dotter-innslaga har dei fått enorm respons. I fjor fekk Kenneth henvendelsen frå produksjonsteamet til talentkonkurransen om å kome tilbake å konkurrere i 2019. Denne gangen som «Den maskerte magikeren».

– Problemet var at der var berre eit par i produksjonen eg fekk lov til å prate med. Eg blei tatt med til kjellaren for å ete mat, eller måtte gøyme meg bak ei gardin om eg skulle drikke noko. Sjølv utan å avsløre oss, var det veldig gøy.

Dei gjekk ut i garderoben til publikum etter semifinalen var over. Nokre var litt redde, men dei skjønte raskt at han ikkje var farleg likevel.

– Den var ein kamp om å få meg til å prate – det fekk ingen til. Til slutt, etter semifinalen, gjekk eg opp til Solveig og avslørte at det var meg bak maska, ler Kenneth.


Kjent fra Norske Talenter, TV2:

Her avslører programlederen "Den maskerte magikeren"

Etter å ha skremt, forbløffet og sjarmert dommerne og publikum gjennom hele sesongen i Norske Talenter endte deltakelsen i semifinalen for den maskerte magikeren. Etter tv-sendingen klarte ikke en nysgjerrig programleder Solveig Kloppen å holde seg lenger. Hvem skjuler seg bak maska?


Eit unikt band mellom far og dotter

På spørsmål om korleis det er samhaldet mellom far og dotter er, er ikkje Kenneth sparsam med orda.

– Det finst ingen skilnad på forholdet vårt på scena og forholdet vårt i heimen. Samhaldet har i mine auge utvikla seg til noko eksepsjonelt. Vi kan stå å sjå på kvarandre på scena utan å snakke, og vite om noko er gale. Dette brukar vi også i kvardagen. Vi ser på kvarandre, og ser kvarandre sine kjensler, fortel han.

Han beskriv dottera si som innovativ, omsorgsfull og fantastisk. Innovativ fordi at sidan ho byrja å lære faget, har ho tatt tak og utvikla ting og idear sjølv. Aurora gjer ting som far hennar aldri ville ha tenkt på, noko han meiner er heilt fantastisk. Planane hennar vidare er å bli skodespelar.


Den legendariske magikeren David Copperfield ser seg selv i ung ålesundsmagiker

David Copperfield så seg sjøl i Miss Aurora

Det ble litt av en tur til Las Vegas for magikerfamilien fra Ålesund.


Vil halde hjula gåande

Fredag klokka 13 tek Tito Magic og Miss Aurora til Scena for å vise illusjonar og magi for sjåarane, noko dei gler seg til. Dette i ei tid der ein del av arrangementa har blitt avlyst på grunn av korona-situasjonen.

– Moralen har ikkje vore så høg dei siste dagane. Det er tungt å sitje her utan å ha noko å gjere. Vi har fått avbestillingar som skulle bere «Den magiske hule» fram til hausten. Vi får sjå om det må leggast ned eller ikkje. Enn så lenge har vi is i magen til neste månad, seier Kenneth.

Han håpar på å få til eit par tiltak som kan halde hjula gåande. Eksempelvis har han utstyr liggande til sals som folk kan bruke for å lære seg å trylle.

– Dette kan gi noko tilbake til folk som ynskjer å støtte oss. Trylling får tida til å gå, men det kan også lære barn og unge til å glede andre.

VIL HALDE FRAM: Kenneth fortel at moralen ikkje har vore så høg dei siste dagane, på grunn av korona-situasjonen. Han håpar på at «Den magiske hule» held fram, med stønad frå folk.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto).