< Rotevatn blir museumsdirektør - smp.no/kultur – Kulturnyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Rotevatn blir museumsdirektør

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tilsett som administrerande direktør i regionmuseet Musea på Sunnmøre.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.  Foto: Tormod Utne

Kultur

Rotevatn er utdanna cand.mag. i journalistikk radio, og har master i nynorsk skriftkultur, i tillegg til universitetsutdanning på fagområda statsvitskap og nordisk språk.

Ho har mellom anna arbeidd i NRK, I & M Kommunikasjon og som dagleg leiar for oppslagsverket Allkunne. No kjem ho frå stillinga som dekan ved Høgskulen i Volda.

Rotevatn tiltrer stillinga så snart som mogleg.

13 museum

– Eg er svært glad og audmjuk for den tilliten styret og dei tilsette har vist meg når eg no har takka ja til å verte administrerande direktør. Musea på Sunnmøre har eit sterkt fagmiljø med stor kompetanse på kunst, arkiv og museum, og forvaltar av vår materielle og ikkje- materielle kulturarv. Eg gler meg til å bli ein del av kollegiet, seier Rotevatn i ei pressemelding.

Ho legg til at med 13 museum i ulike kommunar, Kulturkvartalet og kunstmuseet Kube, samt Folkemusikkarkivet ber Stiftinga Musea på Sunnmøre vårt kollektive minne langs kyst, fjord og fjell.

40 tilsette

– Det er ei stor og viktig samfunnsoppgåve. No gler eg meg til å lære dei tilsette og organisasjonen å kjenne, og saman skal vi meisle ut framtidas strategi for Musea på Sunnmøre, til beste for vårt publikum, legg ho til.

Det nye regionmuseet Musea på Sunnmøre er etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Museet har 40 tilsette, med hovudkontor i Ålesund.