Dag-Filip Roaldsnes har sin første streamingkonsert fredag:

Våren då alt skulle skje blei våren då ambisjonsnivået måtte ned

Då koronakrisa sette inn tenkte Dag-Filip Roaldsnes at no, no skal eg komponere som berre juling. Men det var før kvardagskabalen vart lagt.

Se dagens direktekonsert fra Parken Kulturhus med Dag Filip Roaldsnes.

Kultur

– Denne våren skulle det skje mykje. Eg og Jorun Marie Kvernberg har akkurat gitt ut eit album saman, og vi skulle gjere seks konsertar framover. Vi har sett musikk til tekstar av Aasmund Olavsson Vinje, og vi skulle mellom anna ha konsert ved Vinje-senteret og ved Hardanger Musikkfest. No er alt avlyst, slår Dag-Filip Roaldsnes fast, og legg til:

– Eg er jo med på dugnaden, i likskap med alle andre. Då planane vart endra tenkte eg at eg skulle komponere mykje ny musikk. Men då kvardagen i koronakrisa tok til skjønte eg fort at her måtte berre ambisjonsnivået ned. Eg er ferd med å fullføre eit album som skal ut til hausten og jobbar med det. I tillegg har eg ei førti prosent stilling ved kulturskulen i Sula, og prøver å undervise med digitale hjelpemiddel. Og så har eg og kona to jenter på sju og ti år som skal følgast opp med heimeskule, så dagane går. No er ambisjonen min berre å ha så gode kvardagar som mogleg, så lenge denne krisa varer.

Den første strøymekonserten

Jazzpianisten frå Valderøya er utdanna ved Norges musikkhøgskole. I 2013 fullførte han sin utøvande mastergrad i jazzpiano, med Misha Alperin som lærar. Som musikar har Roaldsnes arbeida saman med namn som Karl Seglem, Hanna Paulsberg, Lena Nymark, Nils-Øivind Haagensen, Edvard Hoem, Mats Eilertsen, Anja Skybakmoen, Kåre Nymark Jr. og Jorunn Marie Kvernberg.

Roaldsnes er ein van konsertpianist, men han har aldri før hatt ein strøymekonsert. Den første blir altså fredag, i regi av prosjektet Kulturstrøm, som blir arrangert av Parken kulturhus grunna koronakrisa. Konserten vil også bli strøyma på smp.no.

– Eg skal spele eit solosett på fire låtar. Dei er alle sjølvkomponerte og henta frå albumet som kjem ut til hausten. Det blir jazzrelatert og melodiøst, fortel Roaldsnes.

Utan publikum

Pianisten brukar mykje improvisasjon, så låtane han speler blir alltid litt forskjellige kvar gong.

– Sjølv om eg har øvd framfor konserten fredag prøver eg å ikkje øve for mykje. Stoffet skal følast ferskt. Min metode er, som alltid, at det som skjer, det skjer.

Roaldnes er spent på korleis det blir å spele konsert på denne måten, utan publikum i salen.

– Alle som har stått på ei scene veit at publikum har mykje å seie. Det er noko med at ein får energi frå publikum, ein kan merke at folk lyttar. Denne konserten blir annleis, fordi lyttarane er «der ute». Men eg håpar at eg kjem inn i ei boble likevel, slik eg brukar å gjere.