Her er dagens tilbakeblikk frå Scena:

Country-fotografen som snusar på jazz

«Moving On» kalla Marit Lystad Johansen debutalbumet sitt. No er det meste satt på vent, for både artisten og portrettfotografen, men det kan hende ho snart gjer alvor av den jazzlåta ho har på blokka.

Liker du Janis Joplin-inspirert country? Da bør du høre Marit Lystad Johansen fra Ørsta i lunsjkonserten fra januar 2016.

Kultur

Mars har alltid vore ein stille månad for portrettfotografar, men mars i år var ekstra stille, fortel mor og dotter-fotografane Marta og Marit Lystad Johansen i Ørsta.

– Å oppsøke fotograf i korona-tider er ikkje noko folk tør, eller bør. Så vi satsar på meir sal av portrett frå arkivet i staden, fortel Marit.

Ørsta-fotografane Marit (tv.) og mor Marta Lystad Johansen.  Foto: Privat

Portrett-arkivet deira går tilbake til 1970, og der finst mange gode, og kan hende gløymde, godbitar, av folk flest.

Fullt så langt tilbake i tid treng vi ikkje å gå for å finne lunsjkonserten med Marit Lystad Johansen på Scena i Sunnmørsposten.

Opptaket er frå november 2015, same år som ho gav ut EP-en «Reaching for the Stars», med fem eigenproduserte låtar.

Sjå fleire konsertar frå Scena her:


Sunnmørspostens digitale scene:

Direkte kultur og skatter fra arkivet

Sunnmørsposten inviterer til direktekonserter og musikalske gjensyn fra Scena på smp.no.


Allsidig

Det er fotografjobben som er levebrødet. Musikken har alltid vore hobby, og Marit har planar om å gi ut meir musikk i framtida, men truleg blir det, av helsemessige orsakar, ikkje så mange konsertar framover.

– Eg har alltid vore allsidig i musikksmaken, og den siste singelen eg gav ut, til jul i 2018, er meir pop enn country. No leikar eg med tanken om å ta opp igjen ein jazzlåt som eg har hatt liggande sidan 2003. Låten var tenkt for storband, men no er planen å strippe låten heilt ned til berre meg og gitaren, fortel Marit.

I 2018 gav ho også ut debutalbumet sitt, med tittelen «Moving On», og ein av låtane som fekk plass på plata, er «Start all over again» som ho presenterte under lunsjkonserten i Sunnmørsposten tre år før.

I tillegg song ho «Burning gasoline» og «Fly away», som framleis er blant hennar favorittar.

Ei vanskeleg korona-tid

Countryartist Marit Lystad Johansen fra Ørsta. Pressefoto/platecover 

– Eg syng alltid «Fly Away» når eg er med på «Musikk i sentrum» i Ørsta kvart år. Det er ein ballade eg ofte får ekstra god respons på. Men i år kan det hende at også det arrangementet vert avlyst.

Korona-krisa har elles gjort ein allereie haltande fotobransje verre. No er ho som fotograf mest bekymra for barnehagefotograferinga som i kalenderen er lagt til mai.

– Vi tek ein dag av gongen. Som alle andre.

– Og ein dag gjer du alvor av den jazzlåten du har på blokka?

– Det spørst om det ikkje vert tid til slikt no, ja.


Scena:

Fant tonen på musikklinja

Det oppstod søt musikk mellom Marit og Hans-Christian då dei treftest på musikklinja på Høgskulen i Volda. No er dei både gift og har gitt ut EP i lag.