Fryktar rasering av kulturopplæringa i Giske:

Vil redusere kulturskulen til «eit minimum»

Mange reagerer etter at formannsskapet i Giske vedtok at kulturskuletilbodet i kommunen skal reduserast til «eit minimum». Særleg likar folk dårleg at hasteparagrafen knytt til koronakrisa er brukt i saken.

– UKM blir ikkje det same: Mange arrangement blir annleis utan kulturskulen, meiner rektor Fred Røyseth, og brukar UKM som eit eksempel. Her er dansegruppa The Hip Hop Gang, som består av Linnea, Guro, Isabell, Jo, Åse-Camilla og Josefine. Bildet er tatt under UKM Giske i 2020.  

Kultur

– Når mi eiga heimkommune vel å rasere kulturskuletilbodet til barn og ungdom, då sprekk det for meg, seier jazzmusikar og musikkpedagog Kåre Nymark jr. Han er også dirigent for Vigra og Valderøy Skulekorps, og meiner at dersom vedtaket frå formannskapet i Giske blir endeleg, vil det få dramatiske konsekvensar for korpset.