Musikar, lyrikar og sjømann Roy André Øvrelid (37) aka ZigZag-Zvor er vekas gjest i «Sunnmørsfolk»:

- Vi spelte for fleire i kø enn inne på stadion

Roy André Øvrelid har gjort suksess både som soloartist og med Kontrollert Kaos, men det gjekk ikkje heilt som venta då gruppa skulle setje eit førebels karrierehøgdepunkt.

Gjest: Roy André Øvrelid er årets tredje gjest i den nye podkasten «Sunnmørsfolk». Øvrelid er frå Hareid og er kjent som frontfigur i Kontrollert Kaos, i tillegg til å ha ein eigen solokarriere.  Foto: Staale Wattø

Kultur

– Vi skulle ha spelt ein halvtime seinare. Det var jo fleire i kø enn inne på stadion, dessverre, seier Roy André Øvrelid, eller ZigZag-Zvor som han kallar seg.

I 2019 vann Øvrelid og Kontrollert Kaos den såkalla Musikkprisen.

Premien var mellom anna å opna Jugendfest på Color Line Stadion.

Men det altså eit lite antiklimaks å spele for eit publikum som i stor grad stod utanfor stadion.

Dette og mykje anna fortel Roy André Øvrelid om i denne vekas episode av podkasten «Sunnmørsfolk».




Kontrollert Kaos: Gruppa opna Jugendfest i 2019, men på mange måtar vart det eit antiklimaks.  Foto: Nils Harald Ånstad



– Individuell fridom

Øvrelid er ein kar med mykje på hjartet.

Han skriv tekstar både til Kontrollert Kaos og til soloprosjektet sitt.

Øvrelid kallar seg gjerne lyrikar.

– Då eg begynte å skrive var det på engelsk, men det blir ikkje det same, seier hareidsdølingen i podkasten.

Tekstane er skrive på dialekt, noko Kontrollert Kaos også har fått ein målpris for.

Det kan også ofte vere ein slags politisk brodd i tekstane.

– Men det at eg rappar noko politisk i ein song med Kontrollert Kaos betyr ikkje at alle stiller seg bak det. Vi har individuell fridom, seier rapparen.


Kommer tett på «Sunnmørsfolk» i ny podkast

Søndag 3. mai lanseres Sunnmørspostens nye podkastserie «Sunnmørsfolk».


Podkast: Roy André Øvrelid gjesta «Sunnmørsfolk» i starten av mars, like før samfunnet vart stengt ned. Til venstre Einar Orten Trovåg, programleiar i denne episoden.  Foto: Staale Wattø

Sjømann

Til saman har Roy André Øvrelid gitt ut fleire singlar og plater både som ZigZag-Zvor og med Kontrollert Kaos.

Gruppa har opparbeida seg ein stor fanskare som trufast stiller opp på alle konsertar.


Vann Musikkprisen med Kontrollert Kaos i fjor, aktuell med ny låt no:

ZigZag-Zvor med ny single


Roy André Øvrelid seier at han heller vil ha éin lidenskapleg fan enn éin million som har høyrt om Kontrollert Kaos.

Men nokon heiltidsmusikar er ikkje Øvrelid.

Sunnmørsfolk: Programleiarane i Sunnmørsposten sin nye podkast «Sunnmørsfolk». Frå venstre: Sofie Svanes Flem, Einar Orten Trovåg, Elisabeth Solvang og Lars Inge Skrede.  Foto: Nils Harald Ånstad

Han er sjømann og er vekke fem veker i slengen, før han kan bruke dei neste fem vekene til å prioritere musikken i større grad.

Då kan han kanskje ha tatt med seg ein idé han fekk på tredemølla under opphaldet på sjøen.

Så kan det gå alt frå dagar til fleire år før ideen blir realisert.

Vil du høyre meir om korleis Øvrelid lagar musikk, kva slags bakgrunn han har, eller kva ZigZag-Zvor eigentleg betyr, ja så klikk deg inn på podkasten.

NB. Denne episoden vart spelt inn i mars, like før samfunnet vart stengt ned grunna koronaviruset.

Høyr alle episodane av podkasten Sunnmørsfolk her: