Forsøplinga tek ikkje sommarferie:

Inviterer til kamp mot snusboksane

Sjøhesten Hippo er på tokt igjen, mot søppel på land og i vann. Denne sommaren er det snusboksar folk bes plukke opp og levere inn, og bli med på eit snusfornuftig kunstprosjekt.

Godt i gang: Det trengs mange snusboksar for å lage ein kunstinstallasjon, og initiativtakarane Elin Helland Johansen frå Knasteriet Forlag (tv), sjøhesten Hippo og Ina Giske håper på god hjelp frå folk til å samle inn flest mogleg.  Foto: Børge Sandnes

Kultur

Snusboksane av plast som ligg slengt i naturen, på strender og langs vegen, er eit stort søppelproblem, påpeikar Ina Giske.