I dag fekk ni kunstnarar tildelt Kunstnarstipend for 2020, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine heimesider.
Tysdag 9. juni delte fylkespolitikarane ut to arbeidsstipend og sju ordinære kunstnarstipend til kunstnarar i fylket.
– Vi er spesielt glade for å kunne gi ut desse stipenda i år, i ei tid som er svært krevjande i den norske kultursektoren. Kunstnarstipenda gjer det mogleg for kunstnarar til å fordjupe seg og utvikle kunsten sin. Men dei er også med på å styrke kunstnarøkonomien og sikre eit levande kulturliv i Møre og Romsdal, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet.
Arbeidsstipenda på 200.000 kr skal bidra til å gi kunstnarar større økonomisk handlingsrom og ro til å utvikle kunsten sin.
Desse fekk stipend:
- Gjertrud Hals (Molde), tekstil- og fiberkunst: 200.000 kroner
- Tor Sivertstøl (Gursken), film: 200.000 kroner
- Terese Longva, (Longva) installasjon, performance, foto, video, tekst og objekt: 100.000 kroner
- Liv Dysthe Sønderland, (Ørskog) monotypi, teikning og video: 100.000 kroner
- Kjell Gunnar Overøye, (Sykkylven) kunsthandverk, skulptur og bilde i ulike metall: 60.000 kroner
- Natalie Sandtorv, (Ålesund) jazzmusikar: 100.000 kroner
- Bendik Ulla, (Ålesund) musikar: 40.000 kroner
- Svein Sæter, (Stangvik) forfattar og manusforfattar: 100.000 kroner
- Eldrid Schrøder Kvalvik, (Ålesund) regissør og dramatikar: 100.000 kroner