< Janitsjarorkester med sommarkonsert - smp.no/kultur – Kulturnyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Janitsjarorkester med sommarkonsert

Koronapausa er over. Laurdag 27. juni inviterer Sykkylven Janitsjarorkester til sommarkonsert i Sykkylven kyrkje.

Sykkylven Janitsjarorkester.  Foto: Facebook

Kultur

Etter ein spesiell vårsesong med koronapause og alternativ organisering av øvingane er musikantane i Sykkylven Janitsjarorkester glade for å kunne vere i gong med ordinære øvingar att. Denne våren vart både NM og den planlagde Festkonserten 17. mai avlyst, skriv orkesteret i ei pressemelding.