Sunnmørsfolk:

Frå kapitalist til kunstnar: Ei alvorleg motorsykkelulykke blei vendepunktet for Rune Furelid

Ni månader etter at han første gong plukka opp ein pensel fekk Rune Furelid elevplass hos Odd Nerdrum. No går kunstverka unna for opptil fleire hundre tusen på galleriet i Ålesund sentrum.

Kunstnar: Kunstnar og tidlegare Odd Nerdrum-elev Rune Furelid (42) tok imot Sunnmørsposten i galleriet sitt i Ålesund sentrum for å vere gjest i podkasten Sunnmørsfolk.  Foto: Sofie Svanes Flem

Kultur

I podkasten Sunnmørsfolk møter vi kunstnaren Rune Furelid (42) på Galleri Sankten i Ålesund. Han fortel om korleis ei nær-døden-oppleving i ung alder gradvis fekk han til å endre kurs i livet.