Stiftinga Musea på Sunnmøre krev eigarskap for å gi statleg støtte til lokalmusea:

Ikkje noko krav frå departementet

Ifølgje avdelingsdirektør Stein Sægrov i Kulturdepartementet er det ikkje noko krav om at den som driftar musea også skal eige. Likevel hevdar leiaren for samanslåingsprosessen på Sunnmøre nettopp det.

Feil forhandlingsgrunnlag: Stiftinga Musea på Sunnmøre ordlegg seg som om eigarskap skulle være eit krav fra departementet. Det stemmer ikkje, seier Arne Tunheim i Godøy Museumslag.   Foto: Privat

Kardinalpunktet her er at MUPSU ordlegg seg som om det skulle være et krav frå departementet.

Arne Tunheim
Kultur

– Det er eit klart krav frå kulturdepartementet at driftar av musea skal vere eigar. Og no er andre runde i gang. Litt seint, men Sunnmøre Museum gjorde ikkje jobben sin i førre runde, uttalte Jarle Sanden til Sunnmørsposten i førre veke.