Notesamling på nett:

– Folkemusikken og folkedansen skal vere levande, og då må folk ha tilgang til det vi har i arkivet

I høve 30-årsjubileet slepp Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal delar av notesamlinga si på nett.

DELAR ARKIVET: Frå venstre: Geir Håvard Ellingseter, leiar i IKAMR, Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylke, Ottar A. B. Anderson frå SEDAK og Jan Aakvik frå KulturNett.  Foto: Fylkesbiblioteket.

Kultur

Materialet vert tilgjengeleg gjennom nettsida til Kulturnett. Til no er det lagt ut nærare 8000 ark på sida. Fylkessenteret for digitalisering av kulturarv og interkommunalt arkiv Møre og Romsdal har fått for digitaliseringa, medan Folkemusikkarkivet har registrert notane.

– Dette har vi jobba mot i fleire år, og no har vi den store gleda av å gjere delar av notesamlingane våre tilgjengeleg for alle. Folkemusikken og folkedansen skal vere levande, og då må folk ha tilgang til det vi har i arkivet, seier Anna Liv Skjelten Gjendem, konservator ved Musea på Sunnmøre, i ei pressemelding.

I Folkemusikkarkivet finn du notesamlingar etter spelemenn som Ola Linge, John Røen, Petter Berli og Ole Gussiås, i tillegg til notehefte og medlemsbladet for Møre og Romsdal Folkemusikklag.

Eit breitt utval

Sidan 1990 har Folkemusikkarkivet samla notemateriale etter nolevande og tidlegare utøvarar. Det består av notesamlingar frå enkeltpersonar og spelemannslag, og inneheld notar som utøvarar sjølv har komponert og notar som viser repertoaret frå perioden utøvaren var aktiv.

Tidlegare i år har Folkemusikkarkivet markert 30-årsjubileet med konserten «Til glede og gavn» som var avslutningskonsert for ungdomsprosjektet «Raudan Gull». Der formidla 45 ungdommar frå heile fylket folkemusikk og folkedans frå Fjord kommune.