Ståle Johan Aklestad frå Sæbø:

Leiter etter linjene i naturen

Ståle Johan Aklestad (39) driv med både fotografering, skikøyring og tredreiing. I alle tre er han stadig på jakt etter den perfekte linja. Dette er no blitt til ein portrettfilm laga av Jacob Stærk.
Kultur

Portrettfilmen som blir lansert torsdag, har fått tittelen «Linjer». Her får vi møte Aklestad både i treverkstaden sin på Sæbø, og på ski i fjella på Sunnmøre.