Turistbygda får sitt eige festspel

Festspela i Geiranger er namnet på ein ny musikkfestival som blir arrangert for første gong i april neste år. Det blir mellom anna konsertar, heildags fagseminar, utstillingar, operapub – og workshop for unge talent.

Festivalbygd: 23-25.april neste år blir dei første Festspela i Geiranger arrangert i turistbygda.   Foto: Staale Wattø

Kultur

– Vi er klar over at vi er midt inne i ein pandemi. Så vi kjem sjølvsagt til å ta omsyn til dei smittevernreglar som måtte gjelde når festivalen går av stabelen 23–25. april.