Bok om kraftutbygging

Endeleg vart arbeidarane heidra

– Det er spanande og litt spesielt å lese om oss sjølve. Det seier Rolf Saure og Åshild Olina Kroken. Dei var med på kraftutbygginga i Hornindal og på Bjørke for snart 60 år sidan. Åshild vart til og med teken av ras.

Veteranane: Veteranar som var med på kraftutbygginga til Tussa: Frå venstre Nils Leira, Anvor T.B Wold, forfattar Jon Hustad, Rolf Saure, Åshild Olina Kroken, Olav Melchior, og Odd Saure.   Foto: Terje Engås

Kultur

Rolf Saure og Åshild Olina Kroken blar begge i boka «Krafttaket på Bjørke». Den handlar om utbygginga av Tyssefossen og korleis det gjekk til då vatnet vart ført fram til Tussa sitt kraftverk inne i fjellet. Utbygginga gjekk føre seg i åra 1957 til 1966.