Han spelte klarinett i Ytre Suløen. No har han demens og famlar etter orda. Men spele kan han framleis

– Slik får eg vist dei at han er her enno, og ikkje minst: at han framleis har mykje liv inni seg, seier dottera til Jens Arne Molvær om videoane ho postar av faren.
Kultur

Jens Arne Molvær. Det finst knapt ein sunnmøring med interesse for musikk som ikkje kjenner namnet. Langt utover det og, forresten. Vi snakkar om ein av dei som var med å starte Ytre Suløen og som var klarinettist der. Som har spelt med ei rekkje andre artistar, både lokale og nasjonale, turnert i inn- og utland og gitt ut mykje musikk – soloalbumet September song inklusive.