Tante og nevø-duo med ny mysteriebok:

Og plutseleg er også klokkemakar Alfred heilt vekk

Eit falleferdig hus, nokre gamle klokker frå fransk revolusjonstid og eit forsvinningsmysterium er ingrediensar i ei ny spenningsbok for barn.

Tida som går: Olla Rypdal har ein ting til felles med klokkemakar Alfred her: – Alt dette med klokker og tid er fascinerande tema det går an å filosofere mykje rundt, seier ho. Illustrasjon av Tarjei Eide Rypdal.  Foto: Olla Forlag

Kultur

«Klokkemakar Alfreds mysterium» er den sjette barneboka Olla Rypdal har gitt ut på eige forlag sidan oppstarten for tre år sidan.