– Målinga har blitt ein stor del av livet mitt

Som ein av få nordmenn er Wenche Løseth tildelt stipend frå den internasjonale munn og fotmalarforeninga – og det utan ein gong å søkje.

Smått om senn: Det er eit nitidig og møysommeleg arbeid som ligg bak kvart einskild bilete, Wenche Løseth fortel at ho gjerne brukar 70-80 timar på eit måleri.   Foto: Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten

Kultur

(Vikebladet Vestposten): Ho vil ikkje kalle seg kunstmålar, Wenche Løset, ho meiner at ho må ha utdanning for å kunne titulere seg som det. Men målinga utgjer i dag ein stor del av livet hennar og ho er også medlem i Munn- og Fotmalende Kunstneres Forening.