Familiearrangement med Maria Parr og Ferdafolk:

Musikken mellom linjene er magisk medisin

Den som både les og lyttar, vil finne musikk på nesten kvar ei bokside i «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr.

Gamle toner: Maria Parr skal lese utdrag frå Tonje Glimmerdal på Gomerhuset, med musikk til av duoen Ferdafolk. Her frå eit arrangement på Bjørnsonfestivalen i 2014, med forfattar Arne Svingen.  Foto: Gry Støre

Kultur

– Heile boka er musikk, slår Inger Bakke i Fjord Candenza fast, og inviterer til familiearrangement på Gomerhuset, laurdag 6. februar, med Maria Parr akkompagnert av musikarane Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar Bøe i Ferdafolk.